Dåp, Vigsel og Gravferd

Dåp

Kontaktpersonar ved kyrkjekontoret:
  Kyrkjesekretær: Avtale om dåpsdato, dato for dåpsinformasjon og dåpssamtale.
  Prest: Dåpsinformasjon, dåpssamtale. Dåp.

De får tilsendt informasjon om dåp frå kyrkjekontoret, når kyrkjekontoret har fått melding om fødsel frå folkeregisteret.

  Avtale om dåp:
  Ta kontakt med kyrkjekontoret for å fastsette dato for dåp.  I samband med dåp deltek ein på dåpsinformasjonskveld i Førde kyrkje og har dåpssamtale med ein av prestane. Tid for dette vert avtala i samband med fastsetting av dåpsdato. Skal dåpen foregå utafor Førde, tek de først kontakt med vedkomande kyrkjekontor for å fastsette dato for dåp. Dåpsførebuinga vert gjennomført i Førde. 
   
  Utfylling av skjema:
  Send melding om val av namn til Folkeregisteret i Førde.

Skjema “Opplysningar ved dåp og val av fadrar Førde, Holsen og Haukedalen” fylles ut og vert sendt til Førde kyrkjekontor, Kyrkjevegen 23, 6800 Førde.

De kan også ta dette med til dåpsinformasjonskvelden.

   
  Dåpsinformasjon:
  Dåpsinformasjonskvelden vert halden i Førde kyrkje kvar fyrste tysdag i mnd. kl 20.00. Tema for kvelden er mellom anna:
  1. Dåpens innhald og betydning.
  2. Praktiske tilhøve vedkomande dåpsgudstenesta.
  3. Orientering om materiell som vert delt ut

Dåpssamtale med presten: I denne samtala er det høve til å verte litt kjende, reise spørsmål av meir personleg karakter og samtale om dåpen. Foreldra får med seg “Fadderhelsingar” som kvar fadder skal ha. Det er ei brosjyre som gjer informasjon om kva det inneber å vere fadder.

   
  Attest:
  Dåpsattesta vert overlevert i kyrkja på dåpsdagen

Skjema: Klikk her.

Vigsel

Kontaktpersonar ved kyrkjekontoret:

  Kyrkjesekretær: Avtale om dato for vigsel.
  Prest: Vigselsinformasjon, vigselssamtale, vigsel.
  Kantor: Til hjelp ved val av musikk og salmar.
  Kyrkjetenar: Avtale om pynting i kyrkja.
  Avtale om vigsel
  Ta kontakt med kyrkjekontoret og gjer avtale om vigsel. Det er viktig å vere ute god tid for å få det tidspunktet ein primært ynskjer
   
  Skjema for utfylling:
  Omlag 4 månader før vigsel får de tilsendt skjema for utfylling frå kyrkjekontoret. Bur de i ein annan kyrkjelyd enn der de ynskjer vigsel, skal de ta kontakt med kyrkjelyden der de bur for å få skjema til utfylling. Den såkalla prøving av ekteskapsvilkåra skjer hos Folkeregisteret. Ta kontakt i god tid med folkeregisteret der du bur og få dei skjema som trengst.
  Vigselinformasjon:
  I sommarhalvåret går det føre seg vigselsinformasjonskveldar i Førde kyrkje ein tysdag i mnd. frå mai til august. Dette er ein førebuings- og informasjonskveld for alle som skal inngå ekteskap. Kvart par får og ei vigselsamtale med den presten som skal ha brurevigsla. Denne må avtalast med kyrkjekontoret.
 
  Attest:
  * Vigselsattest vert sendt dykk frå Folkeregisteret etter vigsla

Gravferd

Kontaktpersonar ved kyrkjekontoret:
  Kyrkjeverja: Fastsetjing av tid for gravferd og spørsmål kring gravstaden
  Prest: Samtale. Planlegging og praktiske ordningar omkring gravferda.
  Kantor: Til hjelp ved val av song og musikk ved gravferda. Kan også spille / preludere ca 15 min på førehand.
  Avtale om gravferd:
  Ta kontakt med prest eller kyrkjeverje for melding om dødsfall. Ta kontakt med kyrkjeverja for fastsetting av tidspunkt for gravferd og spørsmål kring gravstad.

Ta kontakt med kyrkjekontoret for å gjere avtale om samtale med prest. Samtala kan gå føre seg anten i heimen til de pårørande eller på Kyrkjekontoret.

   
  Førebuing:
  I samtala med presten kan ein avtala korleis ein vil ha gravferda m.o.t. songar, o.b.e. Kantor vil og vere til hjelp med musikk. Kunngjering av dødsfallet og andre praktiske omsyn kan òg takast opp her. Kransepålegging vert avtalt på førehand. Presten vil kunne vere til hjelp med kransepålegging.Kondolanseprotokoll. Dersom pårørande ynskjer å gjere bruk av kondolanseprotokoll seier dei i frå til presten om dette. Ein slik protokoll kostar frå 01.01.03. kr. 75

Kyrkjegardsvedtektene gjev viktig informasjon om rettar og pliktar pårørande/festar har for gravstaden.