15-18 år

I Førde Kyrkje har vi eit spennande og variert aktivitetstilbod for deg som er 15- 18 år. Nokre aktivitetar går over ei helg, nokre over nokre kveldar, medan andre er kvar veke. Nokre aktivitetar er arrangert i samarbeid med Sogn og Fjordane KFUK/KFUM eller NMSU.

 

Fjorårskonfirmanthappening 

I løpet av skuleåret 10/11 inviterer vi alle som vart konfirmert i 2010 til tre Fjorårskonfirmanthappeningar.  Tre enkle og uformelle samlingar i ungdomslokalet på Kyrkjetunet.

 

Fjorårskonfirmanthappening 1:
Tysdag 7.september 2010,  kl 15.00 – 16.30
På denne samlinga vert det bilde og film frå konfirmantåret 09/10. Info om kva ein kan vere med på som Fjorårskonfirmant, og så avsluttar vi med mat og prat.

 Fjorårskonfirmanthappening 2:
Måndag 22.november 2010,  kl  15.30 – 17.00
Denne dagen vert det teater. Vi gjer amfiet om til ein teatersal, og får besøk av ein skodespelar frå Bergen. Etter skodespelet vert det mat og prat. 

 Fjorårskonfirmanthappening 3:
Fredag 1.april 2011, kl 19.30 – 22.30.
Vi samlast i ungdomslokalet og fyller kvelden med bilde frå Fjorårskonfirmantaktivitetane, spel og leik.

 

Leiartreningskurs

Har du nokon gong hatt lyst til å vere med som leiar i barne og ungdomsarbeid?

Frå hausten vil det vere mogleg å vere med MILK, som er eit leiarteningskurs for 10.klassingar og 1.klassingar på vgs.  

Meir om Leiartrening

 

 

 Leir

 

Skileir 21-23 januar 2011
Helga 21-23 januar 2011 vert det skileir på Strandafjellet for 10.klasse og oppover.
Vi skal bu på Orresnobrett-birgitte-kolbeinsenneset Misjonssenter.
Deltakaravgifta er kr 1500,-og den inkluderer reise, overnatting, mat og 2 dagars heiskort.

Både laurdag og søndag vert det lange dagar i bakken, og det er mogleg å stå på slalom, telemark, snowborad og å gå på langrenn. 

Påmeldinga startar 7.september. Det er bindande påmelding, og dei fyrste 40 som melder seg på OG betalar får plass.

 Du melder deg på ved å sende ein e-post til skileir@gmail.com Når du har meldt deg på får du ein e-post med eit kontonummer som du skal betale deltakaravgifta til. Når den er betalt, er påmeldinga di registrert. Dersom du ikkje betalar innan den fristen, som står i e-posten, vert du stryke frå lista, og plassen din går til dei som står på venteliste. Depositum for leiren er kr 250,-

 

 

 

Leirar i regi av Sogn og Fjordane KFUK/KFUM: 

Hausttreff på Nesholmen 22.-24.oktober 2010

VinterTreff i Florø 4-6.februar 2011

www.kfuk-kfum.no/sfj

 

Leir i regi av NSMU

SMS-leir på Alværa 12.-14.november 2010

www.nmsu.no/bjorgvin

 

 

 

 

 

decidinglogo

 

 

 

 

 

 

Song, band, dans, drama, teknikk, multimedia,
pyro, leik og moro på Kyrkjetunet i Førde,
kvar tysdag 19.00 – 21.30.

Frå 8.klasse til og med 3.klasse på vgs.

Les meir om Deciding

 

 

ludus

 

 

 

 

På Slåtten skule, måndagar kl 18.30 – 20.00.

Frå 10.klasse og oppover

Frå 13.september å fram til Haustferien, så vil LUDUS ha kajakk kurs.
Da møter ein opp på kajakk klubben sitt naust på småbat hamna.
Ta kontakt md Jon Olav Leira på 400 44 125 om du treng meir info.