Leiartrening

Leiartrening er viktig både for ungdommane og for kyrkjelyden, og i Førde kyrkje satsar vi difor stert på leiartrening. Frå hausten 2010 vil det vere mogleg å vere med på leiartreningskurset MILK

MILK

Kva er MILK?

MILK er eit leiartreningskursder du får lære om det å vere leiar i kristent barne- og ungdomsarbeid. Kurset er ei blanding av teori og praksis. Vi startar med ein temakveld i månaden frå september til januar, der du får undervising og tips til korleis du kan utvikle deg og verte ein god leiar. I mars vert det ei helgesamling, der blant anna skal vere med å lage gudsteneste.  I mai 2011 avsluttar vi MILK med ei gudsteneste der alle deltakarane får utdelt kursbevis.

 

”Learing by doing”

Både på temasamlingane og i praksis, legg vi vekt på at du skal få lære gjennom å gjere. Vi skal blant anna jobbe med styrearbeid, kommunikasjon og samarbeid, lage underhaldningskveld, leike, lære om og utvikle trua vår, planlegge og gjennomføre gudstenester, bli betre kjende med kvarandre og ha det veldig kjekt i lag. Og kanskje viktigast av alt; du skal får utfordringar som gjer at du kan vekse og utvikle deg!

 

Praksisoppgåve

I løpet av MILK kurset skal du også ha praksis. 2-3 gongar i løpet av året, skal du vere med å planlegge og gjennomføre Ope Hus. Ope Hus er eit tilbod for alle frå 10.klasse og oppover, på Kyrkjetunet, ein fredag i månaden.

 

 

Kven?

MILK er for deg som skal byrje i 10.klasse eller i 1.klasse på vgs. til hausten

 

Kor mange?

Det er plass til 20 deltakarar på MILK.

 

Kor lenge?

Temakveldane startar med middag kl 15.00, og vi held på til kl 19.30.

Helgesamlinga er frå fredag kveld til søndag ettermiddag

 

Kor mykje kostar det?

Kursavgifta er kr 500,- og dekker alt av kursmateriell, mat og overnattingsturen

 

Kontrakt

Alle som melder seg på MILK må skrive kontrakt med Førde Kyrkje. Ei kontrakt som seier noko om at du som deltakar forpliktar deg på å vere med på alle samlingane og gjennomføre praksis,

og at vi som arrangør forpliktar å stille med undervising, tilrettelagt praksis og rettleiing. Du må delta på minst 80% av samlingane for å få godkjent kurset.

 

Kursbevis
Når kurset er gjennomført får du eit kursbevis som dokumenterer at du har delteke på eit leiartreningskurs. Dette er kjekt å legge fram når du skal jobbe vidare i barne- og ungdomsarbeid, eller når du skal søke jobb. Det er alltid positivt med ungdommar som kan vise at dei har engasjert seg!   

 

 

 

DATOAR FOR MILK

 

Temakveld 1: Torsdag 16.september 2010

Tema: Eg /Eg og Gud

 

Temakveld 2: Torsdag 7.oktober 2010

Tema: Eg og dei andre

 

Temakveld 3: Torsdag 11.november 2010

Tema: Mål og styring

 

Temakveld 4: Torsdag 9.desember 2010

Tema: Leiaren og organisasjonen 1

 

Temakveld 5: Torsdag 20.januar 2011

Tema: Leiaren og organisasjonen 2

 

Helgesamling: 18.-20.mars 2011

Tema: Eg og kyrkjelyden / Truvedkjenninga / Gudstenesta

 

Evaluering og avsluttingskveld: Laurdag 30.april 2011

 

Avsluttingsgudsteneste med utdeling av kursbevis:

Søndag 1.mai 2011

 

Har du spørsmål om MILK, eller har lyst til å vere med, send ein e-post til kay.amund.vartdal@fordekyrkje.no Påmelding, snarast mogleg.