Vakuumveka – 10.-13.august 2010
VAKUUMveka står for
Venskap,
Aktivitet ute og inne,
Kristus,
Uteliv,
Undring
Myldring.
VAKUUMveka er ei aktivitetsveke for deg som går har gått i 1.-4.klasse skuleåret 09/10. Vi fyller vakuumet i veka før skulestart med mange spennande aktivitetar og meiningsfylt innhald.
Ein VAKUUMdag ser slik ut:
08.00: Ein har høve til å komme på Kyrkjetunet
09.00: Må alle vere på plass. Vi byrjar med morgonsamling i kyrkja. Her er det ord for dagen og song. Etterpå vert det aktivitet i grupper. På fredag lagar vi gudsteneste i lag.
11.00: Ut på tur aldri sur. Vi deler oss i grupper, og reiser på ulike turar. (Alle får vere med på alle turane i løpet av veka)
14.30: Alle tilbake på Kyrkjetunet, og vi har aktivitetar der.
15.30: Fri leik
16.30: Må alle vere henta. På fredagen sluttar vi dagen og VAKUUMveka med ei framsyning for familie og vener kl 15.00.
Lurt å hugse på:
- Påmeldingsfristen er 15.juni. (men meld deg gjerne på allereie no)
- Det er 60 plassar på VAKUUMveka
- Det er fast oppmøte på Førde Kyrkjetun.
- Til kvar dag må ein ha med tursekk med niste og drikke, sitteunderlag og redningsvest (om du har), og klede til å vere ute!
- Alle får frukt kvar dag.
- Deltakaravgift på kr 450,- skal betalast innan 01.08.2010 til Førde Kyrkjekontor, konto: 3700.15.64286. Merk innbetalinga med namn.
Påmelding:
Du kan melde deg på ved å printe ut påmeldingsskjemaet og sende det til
Førde Kyrkjekontor
Kyrkjevegen 23
6800 Førde,
eller du kan fylle inn den same informasjonen i ein e-post, og sende den til forde.kyrkje@fordekyrkje.no (merk e-posten med VAKUUMveka)
Spørsmål om VAKUUMveka kan du stille til Førde Kyrkjekontor 57 82 81 80 eller til
Else Osmundnes Kvamsås, 57 82 81 82/ 95 20 23 49
