Unge-vaksne og Vaksne

Ein time i tårnet.

Sju samlingar frå seinhaust fram til vinterferien. Alle på onsdag kveld frå kl 20.00 i Tårnstova i kyrkja,
eller i tredje etasje på Kyrkjetunet om vi vert over 14 personar, noko som vart naudsynt i fjor.

“Time i tårnet” er ei samling der vi møtest på tvers av alder, yrke, livssituasjon og truserfaring for å  verte
betre kjende med Bibelboka. Dette er ikkje ei tradisjonell Bibelgruppe og heller ikkje eit oppheta diskusjonsforum,
men snarare ei lågmælt form for samtale og lytting.
Dei tre åra vi har hatt desse samlingane  har vore spanande og lærerike, og mange vil nok seie at dette har vore
ei ny og god erfaring.

Tema for hausten er enno ikkje bestemt, men datoane ligg klare:
Påmelding til kyrkjekontoret tlf. 57828180 eller e-post forde.kyrkje@fordekyrkje.no

Datoplan hausten 2010 og vinteren 2011:
27.okt./  10. nov./ 24.nov./ 8.des./ 20. jan./ 27. jan./ 9.feb.

Velkomen til spanande “timer i tårnet”!