Spiren

Song og leik! Mat og prat! Torsdagar på Kyrkjetunet

Spiren babysong og småbornssong - hausten 2010.

Spiren er eit tilbod for born mellom 0-6 år saman med foreldre. Det er vekt på musikk, song, leik og sosialt samvær. Vi ynskjer at Spiren skal vere ein stad der både foreldre og born kan ha det kjekt i lag, og ein stad der vi kan få eit godt møte med Gud og kyrkja.

Vi samlast i andre høgda på Førde Kyrkjetun. Her er det god plass. I matpausen stiller vi med kaffi,te, saft og vatn. Vi har ein god del barnestolar og stellerom i same høgda.

Program for hausten 2010:Noaks_ark_JohnnyDyranderill:Johnny Dyrander

Baby-Spiren 0-1 år

Eit tilbod for born 0-1 år saman med foreldre. Med vekt på Babysong og musikk for dei aller minste.
Opningstid 10.30 – 13.00, tid for programmet frå 11-12.00

Datoar for hausten 2010:
26.august / 9.september /23.september / 7.oktober / 28.oktober / 11.november / 25.november /9.desember

Spiren 0-6 år

Eit tilbod for born mellom 0-6 år saman med foreldre. Barnesongar  med mykje rørsle, leik og formidling til borna.
Opningstida er 10.00 -13.00. Programtida er 11.00-12.30

Datoar for hausten 2010:
2.september / 16.september / 30.september / 21.oktober / 4.november / 18.november / 2.desember

Ta med dykk matpakke og godt humør, så sjåast vi på Kyrkjetunet :)

Spiren kostar ikkje noko, men er utruleg kjekt!