I Førde kyrkje har vi eit lite rom oppe i kyrkjetårnet; Tårnstova. Rommet blir ikkje så ofte brukt, men i samband med gruppesamling i konfirmantundervisninga og når kor-grupper skal øva før ein konserter er rommet i bruk.
Hausten 2007 starta vi første gongen ei samling i Tårnstova. Tema var Filipparbrevet. Ein gjekk gjennom dette Paulusbrevet i løpet av 7 samlingar.
Denne hausten og vinteren vil vi og invitera til nokre samlingar i Tårnstova; til ein time der vi tek oss god tid med Bibelboka. Denne gongen vil vi sjå litt nærare på visdomslitteraturen i Det gamle testamentet.
Ein time i tårnet!
- Er eit trusopplæringstilbod for vaksne. Det vil seie frå 17 – 100 år.
- Her krevst ikkje at du kan mykje frå før, men at du er interessert i å finna ut meir om kva vi byggjer trua vår på.
- Dette er ikkje ei diskusjonsgruppe, men samlingar der vi samlar oss om eit tema med utgongspunkt i bibelboka.
- Onsdagar frå kl. 20-21 i tårnstova i Førde kyrkje.
- Om du vil kan du kome allereide kl. 19.30 og få med eg Kveldsbøna/Kveldsmessa i kyrkja i forkant av samlinga.
- Det kostar ingenting å vere med og du får ein kopp kaffe/te/kjeks og ein time med undervisning og samtale.
Datoplan 08/09
Samlingar frå haust og fram til påske. Alle på onsdagar frå kl. 20-21 i Tårnstova.
Tema: Livstolking og livsmeistring
Datoplan ser slik ut:
- 22. oktober
- 12. november
- 10. desember
- 7. januar
- 11. februar
- 11. mars
- 1. april
Kva treng du?
- Ta med deg din eigen bibel
- Ei notatbok og noko å skriva med
- Skru av mobilen denne timen du er i tårnet.