
Lys vaken, lys lys vaken, her er det liv,
det er lys, det er song
Og vi synger saman
Lys vaken, lys lys vaken
Her er det fest, vi blir med med ein gong
Og vi synger saman…
Slik vart gudstenesta 1.søndag i advent avslutta i Førde Kyrkje. Ei gudsteneste som frå start til slutt involverte dei 23 elveåringane som frå laurdag ettermiddag til søndag føremiddag var deltakarar på Lys Vaken – kyrkja si eiga adventsnatt.
For andre år på rad inviterte Førde Kyrkje 11åringane i Førde, Holsen og Haukedalen til Lys Vaken, for å markere overgongen til eit nytt kyrkjeår. Kl 16.00 var alle dei 23 elveåringane på plass i kyrkja, og klare for å vere med på noko dei aldri hadde vore med på før. Vi starta med å bli kjent med både kvarandre og kyrkja, før vi gjekk over til å førebu den store nyttårsfesten. Bord vart pynta og på kjøkkenet vart det laga mykje god mat. Vi hadde eit flott måltid med taco, og is med fyrverkeri.
Så var det tid for gudstenesteverkstad. Nokre førebudde forbøn, nokre tekstdramatisering og preike, andre øvde litt ekstra på alle songane som skulle syngast slik at dei kunne vere forsongarar, og nokre lagde kake til kyrkjekaffien, etter gudstenesta. Då alt til gudstenesta var i boks, rigga vi i stand til kino i kyrkja.
Eit av mange høgdepunkt denne kvelden/natta var då klokka passerte midnatt, og alle samla seg, i pysjen, utanfor kyrkja til lystenning og Lys Vaken song, for å markere at no var vi gått over i eit nytt kyrkjeår.
Så var det tid for å finne soveposen. Midtgongen i kyrkja var full av spente 11åringar som skulle få sove i kyrkja, dette er ikkje kvardagskost. Lyset i kyrkja vart sløkt, og ein etter ein sovna alle 11åringane. Nokre lata nok som dei sov ei stund, men til slutt måtte alle gje tapt for søvnen.
Klokka 8 søndag morgon vart Lys Vaken deltakarane vekt av musikk frå orgelet. Så gjekk det slag i slag med rydding, frukost og øving, fram til gudstenesta kl 11.00. Då var det tid for å vise fram alt vi hadde jobba med dette døgnet i kyrkja.
Stemninga var god frå start til slutt. Det var ein svært positiv og engasjert gjeng med 11åringar som var på overnatting i kyrkja, og som forhåpentlegvis har fått med seg ei oppleving dei vil hugse lenge.
Lys vaken, lys lys vaken…

