10 kaffien på onsdagar 10-14 er no starta oppatt. Dette er kvar onsdag i Briljanten, ein kan få seg vaffel og kaffi eller te og slå av ein prat. Det er Kristin og Norodd som er sjefar på kjøkkenet.
Ein treng fleire til oversetjing på gudstenesta.
Ved gudstenestene i Førde kyrkje vert det oversett til engelsk. Idag er det 4 som deler på dette og ein skulle gjeren hatt 2-3 til. I følge leiar i soknerådet og ein av dei fire som oversetter; Anne Lise Lauvstad så er dette ei oppgåve som heilt sikkert mange kan løyse. Heile liturgien er tilgjenegeleg på engelsk og ein får tilsendt preika eit par dagar i førevegen slik at ein har litt tid til å førebu seg. Ta kontakt med soknerådsleiaren om du ynskjer meir informasjon.