Bibelen til 5. klassingar

Det var ein flokk motiverte og lærevillige elevar på Flatene skule som la ut på Vandring gjennom Bibelen sist veke.

Bibelen vart delt ut og flittige hender bladde seg forsiktig fram i dei tynne blada. 

Heile 73 hugseord med enkle handrørsler skulle innlærast for lettare å hugse dei viktigaste hendingane. Mange av forteljinga var kjende, nokre nye vart lagde til og hugseorda gjorde at det ikkje går surr i rekkefølgja. Kurset er utarbeid av Bibelselskapet og tilpassa elevane på 5. trinn.

Dette var 8 året at sentrumskulane i Førde tok imot dette tilbodet frå kyrkja.

Les meir om bibelevandringa her >>