Natt til fyrste søndag i advent overnatta denne gjengen i Førde Kyrkje. Her avsluttar dei gudstenesta søndagen med å synge Lys Vaken songen.
Lys Vaken – ei landsomfattande satsing for å markere overgangen frå forsøksfase til innføringsfase i trusopplæringa. Førde Kyrkje var ein av omlag 500 kyrkjelydar i landet som var med på denne markeringa.
17 forventingsfulle 11 åringar møtte i Førde Kyrkje laurdag 29 november for å vere med på Lys Vaken. I løpet av kvelden var det duka for leik og moro, læring og førebuing. Vi leika oss saman for å bli kjende, før vi gjekk på oppdagingsferd i kyrkja. Saman laga vi nyttårsfestmiddag og førebudde oss til gudstenesta på søndagen. Då klokka nærma seg midnatt tok vi på pysj og gjekk i lystog rundt kyrkja og song: “Lys vaken, lys lys vaken, her er det liv, det er lys, det er song. Og vi synger saman.”
Det blei ikkje så mykje søvn, men alle fekk nok til å halde ut heilt til gudstenesta var over søndag. På gudstenesta deltok vi med song, drama og lesing av forbøn. Etter gudstenesta gjekk vi glade, trøtte og fornøgde heim, etter å ha vore dei fyrste som har vore med på Lys Vaken i Førde.
